Hovland Kraft og Eikefjord vassverk
Produsere 10 GWh, noko som er nok til å dekkje behovet til 500 husstandar med eit gjennomsnittleg forbruk på 20 000 KWh i året.
Han fortel vidare at det har vore viktig for dei å gjere inngrepet i naturen så lite som mogleg. Dette er tett beferda område som er mykje brukt til turterreng, og dei har difor valt kjerneboring for å få ført fram det dei treng av rør og kablar i staden for å sprengje seg fram og legge i røra i grøft.
– Det har vorte dyrare for oss å gjere det på denne måten, men det føler vi at vi kan forsvare når konsekvensane for naturen vert så mykje mindre, seier Samdal. Han fortel at alle dei involverte, entreprenør Harald Kvame og Oslo-firmaet Entreprenørservice, som har stått for sjølve boringa, har vore med og bidrege til å presse prisen ned. Dette er fordi dei har tru på denne metoden og ønskjer å vise fram dette anlegget for å demonstrere kor greitt arbeidet kan gjerast og korleis dei såra som trass alt oppstår i naturen, vil kunne «lækjast». Dyrka mark skal såast til igjen, og der innslagspunktet oppe i lia er, skal det nøye pussast til att med steinar og mose slik at spora etter arbeidet vert minst mogleg.
Samdal trur anlegget vil vere klart til jul.
H.Kvame AS
Kvame
6817 Naustdal
Org. 966 031 468 MVA
E-post: henning@hkvame.no